No er det knappe 3 månadar att til årets høgdepunkt for oss Opel-entusiastar. Vi håpar att alle har sett av dato for å stille på årets treff. For dei som ikkje veit frå før kor Torpomoen ligg, so kan vi opplyse om at det er i vakre omgjevnader øvst i Hallingdal nærmare bestemt Ål. (sjå kart ) Vi satsar på tradisjonelt Opel treff med mykje sosialt og faste aktiviteter, som delesalg og lotteri m.m. Det vil bli lagt til rette for stort delemarknad og oppfordrar difor alle til å nytte høve til å rydde i skuffer og skap . Ta med deg det du vil selje og kanskje finn du godbetar til deg sjølv. Den tradisjonelle utflukten på laurdag, vert av praktiske årsaker, lagt til fredagen i år. Nærare informasjon om opplegg, kjem seinare. Laurdag vert det tradisjonell utstilling samt ulike aktivitetar utover dagen. | |
Det er også satt av god plass til telt og campingvogn ellers kan vi nemne det at like i nærheiten av Torpomoen ligger det 2 Campingplasser med overkant av 30 hytter der det er fritt fram for å bestille. | Dette er (se kart under): A: Sataslåtten Camping (Vestover 3,2 km - 4 min kjøring) 48 12 85 15 B: Wangen Familecamping (Østover 2,2 km - 3 min kjøring) 90 99 04 65 |
Som dei to siste åra, vert det høve til å bestille seg frukost og middag begge dagar, samt frukost søndag. Hallingdal catering, som ligg på området, syt for servering i gode lokalar. Måltida må bestillast på førehand, for det er ikkje ordinær kafedrift på området til vanleg. Bestilling av dei måltida som er ynskja, vert gjort saman med påmeldinga. Måltida betalast saman med påmeldingsavgifta, i ein total sum. Det er bindande påmelding, og betalingsfrist. Fredag: Heimelaga gryte med dessert. Lørdag: Heimelaga kjøttkaker med dessert. Alt er heimelaga/laga frå bunnen av. | Fredag: kl. 08.00-10.00 : Frukost kr. 95,-. Born under 10 år kr. 50,-. Under 3 år gratis Fredag kveld: Middag vaksen/ungdom over 10 år kr. 235,-. Born 3-10 år kr. 120,-. Under 3 år gratis. Laurdag: kl. 08.00-10.00 : Frukost kr. 95,-. Born under 10 år kr. 50,-. Under 3 år gratis Laurdag kveld: Middag vaksen/ungdom over 10 år kr. 235,-. Born 3-10 år kr. 120,-. Under 3 år gratis. Søndag: kl. 08.00-10.00 : Frukost kr. 95,-. Born under 10 år kr. 50,-. Under 3 år gratis |
Når det gjeld bestilling av overnatting på treffet, er måndag 4.mai kl. 10.00, sett som dato for bestilling på Torpomoen. INGEN reservasjonar på rom er mogeleg før denne datoen! Det er god plass til campingvogner, kombicamp og telt på området. Det er flatt og fint der, og oppmodar deltakarar til å nytte desse alternativa, om det ikkje er fleire ledige rom, og ein har høve til det. Ring og for å bestille plass for campingvogn/telt, slik at vi har oversikt over omfanget. Tlf.nr til Torpomoen er: 32082920. | Pris på overnatting (alle priser er inkl mva):
Vi har også noen rom uten eget bad (med vaskeservant og speil på rommet), her er det kr 50,- i rabatt pr pers/døgn. Prisen på overnatting inkluderer sengetøy, håndklær, sluttvask (ikke håndkleskift i helgene). Barn under 4 år overnatter gratis dersom de sover på rommet sammen med foreldrene. Pris for campingvogn/bobil inkluderer tilgang til eget dusjanlegg og strøm til lading av batteri (ikke til oppvarming) |
Vi oppmodar til å bruke den elektroniske påmeldinga. Elektronisk påmelding blir tilgjengelig etter påske. Forfallsdato vert kunngjort på påmeldingssida. Ta med kvittering på treffet, det er nokre banksystem som registrerar betaling ganske seint, slik at vi unngår missforståingar. | Då håpar vi at flest mogeleg tek turen til årets hending for Opelentusiastar, så sjåast vi på Torpo!! Med beste helsing Treffkomiteen Torpo 2015 |
Mvh
Bjarte , Rune , Hans Petter , Jan Egil ,
Arne Bjarte , Rolv og Geir
Mere info kommer !
Vel møtt!